Alf sin dåp

Første påskedag, søndag 21. april, var det duka for Alf sin barnedåp med seremoni i Høyanger Kyrkje og selskap på Høyanger Hotell. Med næraste familie og fadrar var det 30 personar tilstede for å feire denne dagen. Småen sov gjennom det meste i kyrkja, inkludert sjølve “duppinga”, og var stort sett smørblid resten av dagen så vi var 2 nokså stolte foreldre ♥ Dåpskjolen han brukte er den samme som eg er døpt i og mammaen min før meg, kun det blå bandet er nytt. Elskar arv og tradisjonar!

Funny thing; eg hadde trudd eg skulle elske å planlegge, kjøpe inn og pynte til dåpen men den gang ei! Det vart som med alt anna utsatt til siste liten og ikkje heilt som planlagt. Fleire som kjenner seg igjen?

Når det er sagt, så fekk vi ekstremt god hjelp både før – under og etter dåpen til alt i frå å lage borddekorasjon til kakebaking og rydding, så det er vi veldig takknemlege for. Alf fekk mykje fine gåver og vi sitt igjen med ei god oppleving. Alt i alt ein veldig fin dag, tusen takk til alle som bidrog!

Å bli mamma

Det å bli mamma var så surrealistisk for meg. Då eg gjekk gravid var eg som alle andre veldig spent og lurte på om eg eigentleg var klar for å få livet snudd på hovudet. Eg veksla mellom å glede meg og grue meg til det som kom, i tillegg visste eg ingenting om babyar!

Men då det verkeleg gjekk opp for meg at eg hadde blitt mamma, til det som i mine auge var verdas finaste gutt, skjønte eg at det var heilt riktig. Uansett kor klisjé, så var det å bli mamma heilt fantastisk og eg elskar den lille familien min over alt på jord!

Sjarmøren vår, Alf ♥ På 3 mnd kontroll denne veka var han 7260 gram og 63 cm ♥

Verdas finaste gåve

Hei 2019! 

Stein-Ole og eg avslutta fjoråret med ei fin julefeiring med familien hans i Lærdal og rolig nyttårsfeiring med søstra mi og typen hennar her heime i Vadheim. Vi har naturlegvis ete mykje god mat, fått fine gåver, gått litt tur, spelt gøye spel, fyrt opp rakettar, slappa av og forberedt oss på det nye året med ein liten i hus. 

Og riktignok, eit par dagar inn i det nye året starta fødselen og 24 timar seinare, på min eigen 26 årsdag, fekk eg verdas finaste bursdagsgåve! Alf kom til verda 3. januar kl. 20:57 via hastekeisersnitt ♥ Vi kunne ikkje blitt meir forelska i vår lille krabat som er ein perfekt blanding av mamma og pappa! 

Oldemor med sitt første oldebarn i armane 🙂

Siste innspurt før jul og 14 dagar til termin

På mandag fekk vi årets juletre i hus, ei ekte julegran som Stein-Ole hadde med seg frå sørsida og på tirsdag lagde vi riskaker. På onsdag vart siste julegåva kjøpt og pakka inn, vi fekk besøk av pappa og bestemor også hadde vi julegraut til kvelds. I går var vi på dør-til-dør og leverte gåvene og i dag pakkar vi i bilen før avreise til Lærdal i morgon. 

Eg skal feire jul med delar av familien til Stein-Ole for første gong, vi blir 7 personar (2 av oss med baby i magen ♥), 2 hundar og 1 katt. Svigermor og sambuaren skal visstnok diske opp med både pinnekjøtt, svineribbe, heimelaga medisterkaker og pølser med tilbehør samt eit utvalg av dessertar på julafta, så det gleder eg meg veldig til!

Midt i julestria er eg jo også i siste innspurt av graviditeten og lille i magen kan faktisk velge å komme kortid som helst no – i dag er det nøyaktig 14 dagar til termin! Heldigvis er det aller meste klart, men vi håpar helst at han vil vente til januar. Det her blir uansett ei veldig spennande tid for oss! 

God jul og godt nyttår! 

Offisielt høggravid!

Kor langt er du på veg?

34+5 i dag og 40 dager igjen til termin, ergo høggravid. Hjelp!

Kor stor er babyen no?

Babyen er no om lag 44 cm og veg om lag 2,38 kg i starten av veka og 2,56 kg i slutten. Måla er tatt ut i frå appen Preglife.

Merkbare forandringar på kroppen i det siste?

Eh, ja. Her har det skjedd mykje dei siste vekene! Eg har plutseleg vokst kjempemasse og kjempefort. Blodtrykket har auka og eg har begynt å få litt vatn i kroppen, men det har eg forstått er heilt normalt.

Babyen tek mykje plass og det meste blir litt ubehageleg som resultat av det… Men kjenner mykje liv og det er jo veldig kjekt 🙂

Ellers hadde eg ein litt skremmande episode på jobb. Eg fekk eit såkalla TIA anfall, eller eit drypp, som er eit forbigåande anfall som resultat av nedsatt blodforsyning til deler av hjernen og kjenneteikner litt det samme som eit slag. Det kan visstnok forekomme i 3. trimester. Heldigvis fekk eg god hjelp av kollegaer som tok det alvorleg og køyrde meg til legen. Det verka veldig dramatisk, men legen kunne forsikre meg om at det ikkje var farleg for meg eller babyen.

Gått opp i vekt?

Har gått opp 3,5 kg frå startvekt.

Korleis er søvnen?

Ligg svært ubehageleg på natta og står opp i snitt 4 gongar for å gå på do. Men pleier stort sett å legge meg nedpå litt etter tidlegvakt, eller sove ekstra lenge dei dagane eg har seinvakt eller fri, så vil påstå at eg får nok søvn uansett. 

Plager?

Ja, det også har teke seg opp og her kjem dei på løpande band! Vokse – og strekksmerter, sterkare kynnere, nedpress/stikking i underlivet og halsbrann.

Cravings?

Mandariner og oboy. Den eine framkaller halsbrann og den andre roer det ned, haha.

Strekkmerker?

Hadde litt strekkmerker frå før, har ikkje latt merke til nokon nye, men smører meg litt med bio oil.

Neste kontroll?

Jordmor er sjukemeldt på ubestemt tid, men skal ha neste kontroll hjå legen når eg er 36+1.

Gravidfotografering

For 2 veker sidan i dag, torsdag 8. november, var eg på gravidfotografering i Bergen. Eg kom over ei annonse på Facebook der det sto “gratis gravidfotografering” og sendte kjapt epost til fotografen at eg ville melde meg på. Opplegget var sånn at ein møtte i studio til avtalt tidspunkt og blei fotografert i 15 minutt. Nokre dagar etterpå fekk eg 1 utvalgt bilde gratis og kunne velge om eg ville betale for resten. Guess what I did?

Eg slo sjølvsagt til på pakkeprisen (veldig billig!) og fekk tilsendt 6 eksemplar i både fargar og svart/kvitt. Tusen takk til dyktige Fotograf Maria og mi gode Stine som lånte meg kjolen sin og styla håret mitt i bytte mot hotellfrukost ♥

På bildene var eg forresten i svangerskapsveke 33 (32+2).

Endeleg sengegavl

Etter mykje fram og tilbake om vi skulle kjøpe sengegavl eller lage vår eigen, falt valget til slutt på å kjøpe (i mangel på inspirasjon og motivasjon). Eg har sett på mange ulike variantar; frå den dyre herskapelege til den rustikke eller heilt enkle som vi heldigvis gjekk for. Less is more, i alle fall på eit såpass lite rom.

Senga kjøpte vi på Jysk for eit par år tilbake, sengegavlen er frå samme serie og kosta berre rett over 1000-lappen, som vi synest er heilt innafor! Eg er i alle fall nøgd med beslutninga og tenker den blir veldig grei å sitte opp etter når eg skal amme frå senga til neste år.

Blei det fint? 🙂

Babyshower-power

God mandag.

Eg har framleis ikkje landa heilt etter lørdag då eg vart overraska med min heilt eigen babyshower! Alle dei involverte lurte meg trill rundt, eg såg det verkeleg ikkje komme!

Etter jobb på lørdag skulle eg berre til heimbygda etter gammalt, Wanja og eg skulle lage middag og sjå film også skulle eg overnatte til søndag. Eg gjekk inn døra til stova og ante fred og ingen fare, men der sto 12 av mine nermaste venninner og ropte “SURPRISE!”. Dei hadde slått av stedstjenester, parkert bilane eit stykke unna og alle ytterkle var midlertidig flytta til kjøkkenet, alt var så gjennomtenkt. Eg er heilt imponert over søstra mi som har planlagt dette i vekesvis, tenkt på alt og invitert folk frå ulike kretser. Samtlege av gjestane hadde lang reiseveg men kom likevel for min skyld – for ein gjeng! ♥

Guttebabyen i magen er allereie så bortskjemt med gåver og kjærleik frå alle kantar, han fekk så mykje fint og praktisk og ho mor kan nesten ikkje vente med å få brukt alt! TUSEN TAKK! ♥

Hallo 3. trimester

På tirsdag var eg 28 fullførte veker i svangerskapet og gjekk dermed inn i 3. og siste trimester. Altså, hallo, kor fort har ikkje det gått?! 

Kroppen min har jo vore i konstant forandring sidan april i år, men eg byrja å merke det meir og meir no. I den forbindelse og det faktum at eg har komt så langt som 3. trimester tenkte eg å dele litt om det som skjer med babyen og meg frå dags dato og (kanskje) fram til fødsel.

Kor langt er du på veg?

28+3 i dag. 84 dager igjen til termin!

Kor stor er babyen no?

Babyen er no om lag 35 cm og veg om lag 1,2 kg i starten av veka og 1,4 kg i slutten. Måla er tatt ut i frå appen Preglife.

Merkbare forandringar på kroppen i det siste?

Eg merkar jo at livmora strekk seg (kynnere) og at det strammar bra i magen. Babyen (og magen) veks godt i denne perioden. Eg kan f.eks ikkje bøye meg utan at magen kjem litt i veien og berre det å ta på seg sokkar vert meir utfordrande enn før. Merkar også forandringar i forhald til bryst og melk utan å gå meir i detalj på det, haha!

Gått opp i vekt?

Eg trur lege og jordmor reknar vektauke ut i frå kva startvekta mi var då eg vart gravid. Isåfall har eg ikkje gått opp endå fordi eg gjekk ned ein del i starten av svangerskapet, men det er like før.

Korleis er søvnen?

Eg har sove veldig godt i graviditeten. Kanskje litt vanskeligare å finne gode sovestillingar no mot slutten.

Plager?

Halsbrann. Heldigvis ikkje plaga med svangerskapskvalme og oppkast lenger!

Cravings?

Tja, iste kanskje. Også er eg jo veldig glad i sjokolade då, noko som definitivt ikkje hjelper på halsbrannen, haha!

Strekkmerker?

Hadde litt strekkmerker frå før, har ikkje latt merke til nokon nye.

Neste kontroll?

Var på kontroll tirsdag 28+0, neste kontroll er om 4 veker og då vil eg vere 32+0.

Bildedryss frå Spania

Denne veka har eg hatt det veldig koseleg med masse familie på besøk. Vi har ete på restaurant, shoppa, helst på babyen i magen i form av 3D ultralyd, spelt brettspell, feira 45 årsdagen til mamma og i den anledning laga masse god mat inkludert kake og boller. På formiddagen i dag reiste alle heim og Stein-Ole på jobb, så no sitt eg aleine i stova med fyr i peisen og ser på bilder frå ferien vår forrige veke. Eg er så glad for alle dei nye minnene eg har fått i det siste ♥

Her kjem litt bilder;

– Villaen –

– Cabo Roig –